Sogndal kan bli idrettsstormakt

Det tek gjerne 10 000 timar trening å bli toppidrettsutøvar. Ekspertar meiner 6 000 av timane bør vere allsidig trening. Korleis står det til i Sogndal? 

Sogndal er ein attraktiv studiestad. Det gir bygda eit stort innslag av unge i alderen 15–24 år – ca. 3 200–3 400 personar totalt – dvs. at i denne aldersgruppa kan me samanlikne oss med byar som Molde, Horten og Halden. Ei velkomen følgje av denne velstanden er at me har grunnlag for å drive eit rikt tilbod av idrettsaktivitetar, både innandørs og utandørs, heile året. Det er eit godt utgangspunkt for å byggje idrettsmiljø i verdsklasse, men eit tærande handicap er at Sogndal kommune manglar ein rimeleg idrettshall å tilby innbyggjarane sine. 

Jon Navarsete etterlyser fleire toppidrettsutøvarar frå Sogndal i Sogn Avis, 11. april. I farten gløymer han at bygda har ein sprell levande verdsmeister i Muay Thai og ei styrkeløftgruppe som deltek i både EM og VM, men det er underforstått at det er gode fotballspelarar han meiner. I same avis uttalar leiar i friidrettskrinsen, Asgeir Årdal, seg på generelt grunnlag om manglande allsidigheit i idretten, og at han saknar aksept for at unge får vera aktive i fleire idrettar lenger. 

Allsidig trening må til for å bli best

Tung idrettsfagleg forsking støttar Årdal sitt syn på dette feltet. Professor Yngvar Ommundsen ved Norges Idrettshøgskole opplyser i ein samtale at utvikling av motoriske evner gjennom allsidig trening gir betre grunnlag for å dra nytte av spesialisert trening seinare, og problemstillinga er særleg aktuell fordi unge blir rekruttert inn i spesialisert idrett tidligare enn før. Unge opplever gjerne at toget er gått for å velje ei anna grein dersom dei i 15-årsalderen oppdagar at dei ikkje kan nå opp i greina dei har valt. Allsidig trening gir dessutan lågare risiko for slitasjeskader og motivasjonssvikt grunna einsretta trening – samstundes som deltaking i fleire greiner kan byggje sosiale bruer mellom idrettane.

Andre fagfolk hevdar vidare at dersom det går med 10 000 timar trening for å nå verdstoppen kan 6 000 av desse timane med fordel gå til å bygge hand til auge-koordinasjon, balanse, kjernemuskulatur, beinstyrke og kondisjon gjennom variert trening i andre idrettsgreiner.

Det viktigaste for utviklinga av kvaliteten på idretten i Sogndal er difor at tersklane for å bli med på fleire idrettar vert senka og at halleiga kjem ned på eit nivå som står seg i samanlikning med kva idretten elles i landet betaler. Behovet for ein ny idrettshall i Sogndal er dokumentert i to omgangar. Først i 2014, då Sogndal idrettslag starta arbeidet med å kartlegge udekka behov, sidan vart dette stadfesta i 2017 då eit skisseprosjekt for ny fleirbrukshall vart gjennomført. Kvåle skule manglar i dag tilfredsstillande idrettsareal til å gjennomføre pålagd undervisning i kroppsøving og Høgskulen vil setje pris på tilgang til eit anna golv enn det mobile dekket i Sognahallen.

Idretten står og fell med dei frivillige

Idrettstilbodet i Sogndal er i alt vesentleg drive av frivillige instruktørar og eldsjeler som legg ned betydeleg arbeidsinnsats for idretten sin. Born og ungdom får såleis tilbod om aktivitetar som gir meistring og idrettsglede i trygge sosiale rammer. Verdien av dette arbeidet kan ikkje målast i pengar. Gevinstane er positive effektar på helse, haldningar og samhald, men framfor alt ynskjer me at dei frivillige kan få bruke det meste av ressursane sine på motivasjon og sportsleg utvikling, ikkje til å skaffe inntekter til å dekke leigekostnader. 

Dei folkevalde sit med nøkkelen

Det er dei folkevalde som avgjer korleis idretten i Sogndal skal sjå ut dei neste tiåra. Sogndal kommune har dei fem siste åra levert eit samla netto driftresultat på 198 millionar kroner. Dette ligg langt over det budsjetterte og viser klart at ein ny fleirbrukshall med ei investeringsramme på 40 mill. etter momsrefusjon og tippemidlar ikkje vil vere noko tungt økonomisk løft for kommunen. 

Auka tilgang på rimeleg hallareal vil derimot ha stor betydning i arbeidet med å styrkje sogndalsidretten og gi betre høve til allsidig trening for alle. Med frigjering av frivillege ressursar til å fokusere på sportsleg kvalitet vil me skape grobotn for stemner og turneringar på høgare nivå og alt det kan føre med seg av aktivitet og tilreisande i regionen. Sogndal har ein unik posisjon med friluftsliv i verdsklasse, gode idrettsutdanningar, profesjonelt fotballag og rikt idrettsliv. Med dei rette rammevilkåra kan toppidrett bli daglegdags i Sogndal. 

Per Magne Sviggum
Frivillig i sogndalsidretten

Please follow and like us:

Sognahallen greier seg godt utan 10 nye år med subsidiar

Sognahallen AS har dei to siste åra levert eit samla netto overskot på oppunder ein million kroner utfrå driftsinntekter på til saman omlag kr 11 mill. Leigeinntekter frå kommunen utgjorde mindre enn 16 % av inntektene i perioden. 

Det blir difor ei lite presis skildring når Kjetil Kvåle i formannskapet 22. november hevdar at ein “drar proppen ut” av hallen dersom kommunen ikkje vedtek ein ny leigeavtale for ti år, og samstundes aukar leigesummen med 86%, frå 0.84 mill. til 1.56 mill. 

Før kommunen tek nye langsiktige avgjersler om idrettsareal i Sogndal bør forslaget om ein ny fleirbrukshall med universell utforming ved Kvåle skule vere ferdig utgreidd. Sogndal idrettslag har over fleire år lagt ned stor innsats i visjonen om ein fleirbrukshall til gagns for både breiddeidrett og skuleelevar, og formannskapet løyvde pengar til å vidareføre dette arbeidet i november. Det verkar såleis unødvendig å torpedere dette alternativet ein månad seinare. 

Eitt års fornying av leigeavtalen er nok. Då får ein tid til å vurdere på nytt korleis kommunen skal bidra til idretten framover. Mine reservasjonar mot Sognahallen AS er at heile drifta i realiteten er sett ut til eit kommersielt selskap som kontrollerer 18% av aksjane og har eigne økonomiske interesser innan eigedomsutvikling og utleige. Selskapet opererer utan direkte demokratisk kontroll og har diverre gitt lite føreseielege forhold for nokre SIL-grupper som har hatt faste treningstider i Sognahallen. Døma inkluderer plutselege og ubegrunna krav om dobbel husleige[1]og fast treningsutstyr som har blitt kasta ut utan varsel[2]. Den såkalte Sogndalsmodellen er altså ikkje alltid like vakker i praksis som den er i festtalane.

Gi dykk sjølv litt tid til å tenkje. Eitt år er nok. 

Per Magne Sviggum
Frivillig i sogndalsidretten

Facebook
Follow by Email
Twitter
LinkedIn
RSS


[1]Taekwondogruppa, 2017. Kravet var ein auke på 2,4 ganger, frå kr 250,- til kr 600,- kr pr. time

[2]Karategruppa, 2017. Alle golvmattene vart kasta ut utan varsel

Please follow and like us: