Sognahallen AS har dei to siste åra levert eit samla netto overskot på oppunder ein million kroner utfrå driftsinntekter på til saman omlag kr 11 mill. Leigeinntekter frå kommunen utgjorde mindre enn 16 % av inntektene i perioden.
Det blir difor ei lite presis skildring når Kjetil Kvåle i formannskapet 22. november hevdar at ein “drar proppen ut” av hallen dersom kommunen ikkje vedtek ein ny leigeavtale for ti år, og samstundes aukar leigesummen med 86%, frå 0.84 mill. til 1.56 mill.
Før kommunen tek nye langsiktige avgjersler om idrettsareal i Sogndal bør forslaget om ein ny fleirbrukshall med universell utforming ved Kvåle skule vere ferdig utgreidd. Sogndal idrettslag har over fleire år lagt ned stor innsats i visjonen om ein fleirbrukshall til gagns for både breiddeidrett og skuleelevar, og formannskapet løyvde pengar til å vidareføre dette arbeidet i november. Det verkar såleis unødvendig å torpedere dette alternativet ein månad seinare.
Eitt års fornying av leigeavtalen er nok. Då får ein tid til å vurdere på nytt korleis kommunen skal bidra til idretten framover. Mine reservasjonar mot Sognahallen AS er at heile drifta i realiteten er sett ut til eit kommersielt selskap som kontrollerer 18% av aksjane og har eigne økonomiske interesser innan eigedomsutvikling og utleige. Selskapet opererer utan direkte demokratisk kontroll og har diverre gitt lite føreseielege forhold for nokre SIL-grupper som har hatt faste treningstider i Sognahallen. Døma inkluderer plutselege og ubegrunna krav om dobbel husleige[1]og fast treningsutstyr som har blitt kasta ut utan varsel[2]. Den såkalte Sogndalsmodellen er altså ikkje alltid like vakker i praksis som den er i festtalane.
Gi dykk sjølv litt tid til å tenkje. Eitt år er nok.
Per Magne Sviggum
Frivillig i sogndalsidretten
[1]Taekwondogruppa, 2017. Kravet var ein auke på 2,4 ganger, frå kr 250,- til kr 600,- kr pr. time
[2]Karategruppa, 2017. Alle golvmattene vart kasta ut utan varsel